Download presentation
Presentation is loading. Please wait.
Published byBodil Nesse Modified over 8 years ago
1
Institutt for plante- og miljøvitskap Tor Arvid BrelandHanne W. CarlsenWendy Waalen tor.arvid.breland@umb.no Tlf.: 64 96 56 40 Rom: T235Foto der ikkje anna er opplyst: T.A. Breland Økologisk landbruk
2
Oversyn Økologisk landbruk i Norge i dag Kvifor økologisk landbruk? Prinsipp og mål Reglar Økologisk landbruk i praksis
3
Økologisk landbruk i Norge 2611 økologiske gardsbruk pr. 31-12-2007 Flest i Nord- Trøndelag, Sør- Trøndelag, Hedmark, Oppland og Buskerud Kjelde: http://www.debio.nohttp://www.debio.no Foto: G. Lieblein
4
Areal pr. 31.12.2007: –Økologisk: 401 805 daa –Karens: 87 784 daa –Sum: 489 589 daa ≈ 4,7% av totalt jordbruksareal i Norge Kjelde: http://www.debio.nohttp://www.debio.no
5
Kvifor denne auken? Interesse for produksjonsøkologi, miljøproblem og matvarekvalitet Gardbrukarar Forbrukarar Staten Omleggingstilskot frå staten Introdusert i 1998 Gratis førsteråd for omlegging til økologisk drift (Landbrukets forsøksringar) Øko-landbruk er ikkje lenger uvanleg
6
Offisielle mål Stortingsmelding nr 19, 1999-2000: 10 % jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2010 –Føresett at det er marknadsgrunnlag Noverande regjering: 15 % jordbruksarealet og matvareomsetnaden skal vere økologisk innan 2015 (sjå kampanje: http://www.bortskjemtmat.no/) http://www.bortskjemtmat.no/
7
Kvifor økologisk landbruk? + Miljøverknader Økologiserande verknad på vanleg landbruk Etterspurnad bør dekkast av innanlandsk produksjon (Stortingsmelding nr 19, 1999-2000)
8
Kvifor økologisk landbruk? + Miljøverknader –Ikkje syntetiske plantevernmiddel –Ikkje GMO –↓ sjanse for forureining med næringsstoff gjennom avrenning og erosjon på grunn av Betre næringsbalanse (↓ dyretettleik og ikkje kunstgjødsel) Stor del grøn mark utanom vekstsesongen (eng, grøngjødsel og fangvekst) ↓ Energiforbruk (?) –Ikkje kunstgjødsel –Mindre import av fôr og andre driftsmiddel
9
Kvifor økologisk landbruk? ↑ Biologisk mangfald og variasjon i kulturlandskapet –Allsidig drift, utan kunstgjødsel og syntetiske sprøytemiddel –Beitedyr i inn- og utmark
10
Kvifor økologisk landbruk? ↑ Dyrehelse p.g.a. –↓ produksjonspress –↑ omsyn til naturleg åtferd ↑ Matkvalitet –Ingen sprøytemiddel, veksthormon og ↓ nitrat –I somme tilfelle: ↑ tørrstoff, mineral og sekundærstoff (vitamin, antioksidantar m.m.) –Andre verknader?
11
Kvifor evt. ikkje økologisk landbruk? 0 eller – verknader av økologisk landbrukspraksis? –Avstand mellom praksis og visjon? Innebygde problem? Uheldige eksterne føresetnader? Kva så?
12
Idébakgrunn og mål i økologisk landbruk I økologisk landbruk strevar ein etter eit sjølvberande og vedvarande agro-økosystem i god balanse. Systemet baserast mest mogeleg på lokale og fornyelege ressursar. Økologisk landbruk bygger på eit heilskapssyn som femner om dei økologiske, økonomiske og sosiale sidene ved landbruksproduksjonen, både i lokalt og i globalt perspektiv. I det økologiske landbruket ser ein på naturen som ein heilskap. Mennesket har eit moralsk ansvar for å drive landbruket slik at kulturlandskapet utgjer ein positiv del av naturen. Kjelde: http://www.mattilsynet.no/okologisk > ”Veileder A: Felles veileder for økologisk produksjon, foredling lagring import og omsetning av økologiske landbruksprodukter, næringsmidler og fôrvarer.”http://www.mattilsynet.no/okologisk
13
Idébakgrunn og mål i økologisk landbruk Arbeide for økologisk, økonomisk og sosialt berekraftig utvikling i samsvar med prinsippa for økologisk landbruk: Helse Økologi Rettferd Varsemd Organisasjonar som forvaltar idégrunnlaget: -Oikos -Debio -IFOAM
14
Mål i økologisk landbruk Produsere matvarer av høg kvalitet, i tilstrekkelege mengder og rettferdig fordelte Forvalte naturressursane slik at ein unngår skadelege verknader på miljøet, og dermed sikre jorda sin grøderikdom på lang sikt Sikre genetisk mangfald og artsrikdom Skape eit miljø som tek omsyn til naturleg åtferd og naturlege behov hos husdyra Sikre mest mulig resirkulering av næringsstoff Støtte opp om god kontakt mellom landbruket og samfunnet elles Arbeide for at økologisk landbruk skal gje grunnlag for ein trygg økonomi for utøvarane Kjelde: http://www.mattilsynet.no/okologisk > ”Veileder A.”http://www.mattilsynet.no/okologisk
15
Praktiske føresetnader Grunnlag for plantedyrking –Jordstruktur og -grødeevne, m.a. ved resirkulering av organisk material –Dyrking av eit mangfald av vekstar –Mest mogeleg førebyggande tiltak mot skadegjerarar og ugras –Ingen kunstgjødsel eller syntetiske plantevernmiddel Balanse mellom dyretal og areal –Mest mogeleg sjølvforsynt med fôr –Gjødseltilførsle med minst mogeleg risiko for forureining Vern om det heilskaplege utgangspunktet under produktbehandling –Varsam behandling –Avgrensa bruk av raffinering –Minimal bruk av innsatsmiddel under foredling og transport –Minimal bruk av tilsettingsstoff –Vern om varene sin opphavlege kvalitet
16
Kva er vanleg og ønskeleg på ein økologisk gard? Vekstskifte som førebyggande tiltak for å oppnå –godt moldinnhald og biologisk aktivitet i jorda –godt næringshushald –god jordstruktur –kontroll med ugras, sjukdomar og skadedyr –variert husdyrfôr –reduksjon av økonomisk risiko –reduksjon av arbeidstoppar –estetisk og biologisk mangfald i kulturlandskapet
17
Organisk gjødsel for å stimulere livet i jorda: –Husdyrgjødsel –Kompost –Belgvekstar (kløver, vikker, erter og bønner) –Grøngjødsel Hovudkultur eller forkultur Etterkultur/fangvekst Samdyrking med ein hovudkultur, –undersåing i korn –stripedyrking mellom radene i radkulturar –Avlingsrestar
18
Jorddekking –med halm fersk grønmasse levande grøngjødselplanter –Viktig for: Næring Nytteorganismar Hemmer spiring av frøugras Verner jorda mot uttørking og erosjon
19
Merksemd om jordstruktur –Grøfting, kalking, organisk gjødsel, engdyrking og skånsam jordarbeiding –Viktig føresetnad for levande jord godt opptak av vatn og næring kulturplanter med konkurransekraft mot ugras skadedyr og sjukdomar
20
Mest mogeleg skånsam jordarbeiding til rett tid –Bruk av lett reiskap og køyrety –Unngå køyring på fuktig jord –Tilpassa høvelege tidspunkt for ugrasregulering
21
Husdyrhald med vekt på dyrevelferd og førebyggande helsetiltak –produkt som egg, mjølk og kjøt –organisk gjødsel (intern resirkulering –jordarbeiding (gris) –ugras- og insektkontroll (fjørfe) –engdelen av vektskiftet er direkte inntektsgjevande –høgare foredlingsgrad av produkta på garden –vedlikehald av kulturlandskap –trivnadsfaktor –ressurs i grøn omsorg
22
Planter Mat Husdyr GjødselMenneske Naturmiljø Samfunn
23
Økologisk landbruk i praksis Agroøkosystemet Vekstskifte Jordbiologi Ugras Plantesjukdomar Skadedyr Hagebruk Husdyrhald Økonomi Sosiale dimensjonar Agronomiske og miljømessige element
Similar presentations
© 2025 SlidePlayer.com. Inc.
All rights reserved.