Download presentation
Presentation is loading. Please wait.
Published byBeate Ødegård Modified over 8 years ago
1
NORGE 1814 - 1914 Norge i 1814: Grunnlov – god stemning! Ut av union med Danmark, inn i union med Sverige Naturalhushald, inga industri Dårlege vegar Liten kommunikasjon Dei fleste budde på landet Berre menn over 25 år som eide jord eller hus hadde stemmerett
2
Nasjonalisme Nasjonalisme = Alle som bur i Norge har noko felles (historie, språk, kultur osv) Nasjonalismen voks utover 1800- talet: -17-mai-feiring -»Ja, vi elsker» -Barnetog
3
Transport og kommunikasjon 1824: Ny veglov – bedre vegar 1826: Dei første dampskipa kom, skipa frakta varer og passasjerar 1854: Den første jernbanestrekninga, Kristiania – Eidsvoll vart opna. 1855: Telegraf og post Ca 1880: Dei første telefonane vart tekne i bruk i Norge.
4
Jordbruket «Det store hamskiftet» Frå manuelt arbeid til maskinar (treskemaskin, slåmaskin m.a.) Frå naturalhushald til pengehushald Enklare transport av varene med bedre vegar og jernbane Auka etterspørsel etter jordbruksvarer etter kvart som byane voks fram Betre hygiene Betre kunnskap om gardsdrift (landbruksskular)
5
Industri og byar 1840-åra: Industrien gjorde sitt inntog i Norge, særleg rundt Kristiania. Døme: Veveri, tekstil, møller, bryggeri. Fabrikkane vart bygde ved elvar og fossefall der ein kunne utnytte vannkrafta. Maskinar og fagfolk vart henta frå England i oppstarten. Mange kom frå bygdene og inn til byane og fekk jobb på fabrikkane. Dermed vaks befolkninga i byane. Arbeidsforholda i fabrikkane var ofte elendige og kvinner fekk ofte halve lønna til ein mannleg tilsett!
6
Skulen Skulen var på denne tida i stor grad ei førebuing til konfirmasjonen. Var omgangsskule, dvs at læraren reiste rundt. Fra 1860-åra: Skule i faste bygningar.
7
Kven bestemte i Norge? 1814-1884: Embetsmennene styrte (juristar, prestar, lærare, politi) Bøndene krevde meire makt utover 1800-talet. Før 1869: Storinget samla kun kvart 3. år. Mellom kvar gong styrte regjeringa og embetsmennene. 1869: Årlege storting → Lettare for Stortinget å kontrollera kva embetsmennene og regjeringa dreiv med.
8
Statsrådsaka Stortinget ønska at dei hadde makta og ikkje regjeringa og kongen. Dei ville at statsrådane skulle møte i Stortinget og fortelje kva dei arbeidde med, slik at dei kunne passe på at statsrådane gjorde det Stortinget hadde bestemt. Leiarar for dette kravet var Søren Jaabæk og Johan Sverdrup. Tre gonger blei dette foreslått, men regjeringa/kongen nekta kvar gong. Då vart regjeringa stilt for riksrett. Statsrådane måtte gå av, Sverdrup vart statsminister og parlamentarismen var dermed innført i Norge i 1884. Det betyr at Stortinget er den øvste makta i landet og bestemmer kven som skal danne regjering.
9
Politiske parti danna og stemmeretten vert utvida Politiske parti dannast: 1884: Venstre og Høyre 1887: Arbeiderpartiet Stemmretten vert utvida: 1814: Berre menn over 25 år som eide jord eller hus hadde stemmerett 1898: Allmenn stemmerett for menn. 1913: Kvinnene fekk og stemmerett (som land nr 2 i Europa)
10
Ut av unionen! Noreg var i union med Sverige og hadde felles konge og utanriksteneste, men vi hadde: -Eiga grunnlov -Eige militærstell -Eigen økonomi Norge krevde eigen utanriksminister, det nekta svenskane, den norske regjeringa gikk av i protest i 1905 og unionen vart oppløyst. I avrøystinga som fulgde ville 368 000 ut av unionen, 184 ville framleis vere med Sverige. Folket i Norge ville ha monarki og danske prins Carl vart kong Haakon 7. Etter 1905 fekk Norge eit stort økonomisk oppsving kor m.a. dei store naturressursane førte landet for alvor inn i indusrialderen.
Similar presentations
© 2025 SlidePlayer.com. Inc.
All rights reserved.