Download presentation
Presentation is loading. Please wait.
Published byOtto Ottesen Modified over 8 years ago
1
Kartlegging av born med språkvanskar Gjennomgang av ulike språktestar
2
Generell innføring om kartlegging av språkvanskar hos barn og unge Kort gjennomgang av testane - Nya SIT - BPVS - TROG-2 - CELF 4 - CCC- 2 Innhald
3
Bishop 2006: What causes SLI in children? Dianostiske kriteriar: -Språket er sigifikant på eit lavare nivå i forhold til alder og IQ. Vanlegvis tolka som skåring mellom dei 10% lavaste på standardiserte ekspressive og/eller reseptive språktestar -Ikkje-verbal IQ og ikkje-språklege utviklingsaspekt ligg vanlegvis innanfor normalområdet -Språkvanskane kan ikkje forklarast med hørselsvanskar, fysiske forhold i taleapparatet eller miljømessig deprivasjon -Språkvanskane skuldast ikkje hjerneskader Kva er spesifikke språkvanskar?
4
Vanlege/typiske trekk: -Barnet starta seint å snakke. Dei første kjem ikkje før i toårsalder eller seinare -Brukar enkle grammatiske strukturar, som utelating av fortid eller hjelpeverb langt utover den alderen der ein vanlegvis meistrar dette -Begrensa vokabular. Både i produksjon og forståing -Svakt verbalt korttidsminne, som kan observerast i oppgåver med repetisjon av ord eller setningar -Vanskar med å forstå komplekst språk. Spesielt ved rask tale Bishop 2006 (framhald )
5
To hovudsvakheiter: 1.Morfosyntaks: Langvarig periode med inkonsistent bruk av verbtider og «agreement morphemes», samsvarsbøying («eit stort hus»), redusert evne til å repetere setningar korrekt, samt vanskar med å forstå setningar med kompleks syntaktisk struktur 2.Vanskar med repetisjon av non-ord som har to eller fleire stavingar; redusert fonologisk korttidsminne Språkvanskar – Leonard 2014
6
Litteraturen omkring årsakene til språkvanskar kan oppsummerast i form av 3 hypoteser (Ottem 2007) - Mange forskarar antar at språkvanskar hos barn skuldast generelle begrensningar i kapasiteten til informasjonsbearbeiding (Leonard 1998; Johnston 1994) - Andre meiner at det handlar om spesifikke begrensningar knytt til fonologisk minne (Gathercole & Baddeley 1990) - Begrensningar i auditiv diskriminasjon (Tallal 1990) Årsaker til språkvanskar
7
IQ-diskrepans og eksklusjonskriteriar -SSV: Språk er signifikant lavare enn forventa i forhold til alder og IQ (Bishop 2006) -Normal ikkje-verbal IQ og andre utviklingsaspekt. (Bishop 2006) -Språkvanskar – ofte brukt der vanskane er ein del av eit meir samansett vanskebilde -I siste DSM-5 (2013) vert brukt språkvanskar -Leonard (2014) brukar både betgenelsen språkvanskar og Spesific Language Impairment (Spesifikke språkvanskar) Spesfikke språkvanskar (SSV) versus språkvanskar
8
DSM - 5
10
Fire grunnpillarar i ei undersøkelsesprosedyre (J.Sattler 1992): -Intervju (med foreldre, lærarar og evt andre som kjenner barnet) -Observasjonar (i ulike naturlege situasjonar) -Uformelle kartleggingsprøver, screeningprøver og spørjeskjema) -Normerte, standardiserte testar Ulike måtar å innhente informasjon
11
-Foreldra er dei som kjenner barnet best og kan gi viktig informasjon om språk- og kommunikasjon, utvikling og ferdigheiter -Ei gjensidig forståing av barnet sine vanskar vil kunne gi eit optimalt, trygt og forutseieleg utviklingsmiljø for barnet på alle arenaer -Det er ei tilråding å ha jamnleg kontakt med foreldra Samarbeid med foreldre
12
I tillegg til at foreldre kan gi viktig informasjon om barnet, kan det vere lurt å få eit bilde av foreldra sine - tankar om barnet sine vanskar - tankar om kva slags hjelp barnet treng - haldning til vanskane - livssituasjon/ressursar - behov for informasjon, støtte, rettleiing Samarbeid med foreldre (framhald)
13
Kartlegging av generelle evner, språklege ferdigheiter (både ekspressive og reseptive), kommunikasjonsferdigheiter og hørsel er heilt naudsynt for å få eit rett bilde av barnet sine styrkar og vanskar Også tilhøve utanom barnet, som vanskelege heimeforhold, traumatiske opplevingar o.l. kan påverke eit barn si språklege fungering Vi må alltid hugse på at:
14
Kva pregar barnet sin måte - å vere på? - å lære på? Vi må vite noko om f eks - personlegdom, temperament, miljø, kultur, interesser, læringsstrategiar, minnefunksjonar, uthaldenheit, konsentrasjon, sjølvstende…. Kartlegging utover språklege aspekt
15
Språk 6-16 og Språk 5-6 20 spørsmål Norsk fonemtest NLL`s språklydprøve SATS og Språk 4 (helsestasjon) TRAS Reynells språktest Askeladden ITPA NEPSY/NELLI D-KEFS og mange fleire Eksempel på språktestar/-screeningar
17
SIT = Språkligt Impressivt Test för barn Svensk test utarbeidd av Britt Hellqvist (1989) Testen er ikkje omsett til norsk, men er lett å bruke for norske tilhøve. Berre ei av deloppgåvene må endrast (Oppgåve nr 38) Berekna for born i alderen 3-7 år Testar grammatisk forståing Berekna brukt av logopedar (og talepedagogar) Nya SIT
18
Nya SIT kan vere ein god test å starte med, fordi den vert opplevd som ein leik/ei forteljing, og barnet må ikkje sjølv seie noko Ereit godt supplement til Reynells spåktest Gir tydelege implikasjonar for tiltak Kan bestillast hos https://www.studentlitteratur.sehttps://www.studentlitteratur.se SEK 1768 for eit heilt sett Nya SIT (framhald)
19
Nya SIT består av 46 bildeseriar Det tek ca 10 minutt å gjennomføre heile testen Testen krev ingen lang instruksjon Barnet får sjå tre bilde og skal velje det som passar best med det testleiaren les Nya SIT (framhald)
20
Sett deg mitt imot barnet som skal testast Du skal ha tekstsidene, og barnet skal ha bilda framfor seg Bruk talespråk og legg trykket slik det fell seg naturleg, utan å overdimensjonere det du vil ha fram Unngå å sjå på eit spesielt bilde Observer barnet i testsituasjonen Du kan minne barnet på at det skal peike på berre eitt av bilda, og at du skal lese før det peikar Dei 5 første bilda er øvingseksempel Slik brukar du Nya SIT
21
Ha arbeidsdelen framfor deg når du testar barnet, og før inn barnet sitt svar. Marker med A, B eller C Dei svara som er feil, vert overført til oversiktsdelen av skjemaet, under den aktuelle språkkategorien Sjekk om det er forventa at barnet skal meistre den aktuelle oppgåva, samanlikna med dei normalspråklege borna sine resultat Slik brukar du Nya SIT (framhald)
22
+ i ruta betyr at minst 75 % av dei normalspråklege borna har svart rett - i ruta at mindre enn 75 % av dei har svart rett Dersom barnet har svart feil på ei oppgåve som dei normalspråklege borna i same aldergruppe har klart, vert dette markert i ruta for AVVIKANDE FEILSVAR Gjennomsnittleg antal feil i ulike aldersgrupper, seier berre noko om antal feil, og ikkje om type feil Slik brukar du Nya SIT (framhald)
23
BPVS
24
Testen kan bestillast hos GL Assessment http://www.gl-assessment.co.uk/products/british-picture- vocabulary-scale-third-edition http://www.gl-assessment.co.uk/products/british-picture- vocabulary-scale-third-edition Den norske standardiseringa er publisert i ein artikkel i Spesialpedagogikk 9/10 Noteringshefte og skåringsark (BPVS2)kan bestillast hos ekspedisjonen@isp.uio.no Tlf 22 85 80 43 ekspedisjonen@isp.uio.no Opplys om organisasjonsnummer, fakturaadresse og leveringsadresse. Pris: kr 475 + moms BPVS
25
Undersøkjer det reseptive ordforrådet, vokabularet, m.a.o. kva for ord barnet/eleven forstår BPVS er ei britisk tilpassing av den reviderte Peabody Picture Vocabulary Scale (PPVT-R) frå 1981 Den engelske utgåva er standardisert for aldergruppa 3-15 år Den norske utgåva er standardisert for aldersgruppa 3-16 år (jamfør Spesialpedagogikk 9/10) BPVS (Dunn, Dunn, Whetton og Burley 1997)
26
Testen vert administrert individuelt Testen har 14 oppgåvesett med 12 enkeltoppgåver (enkeltord) i kvart sett Vanskegraden er aukande, og verbal respons er ikkje nødvendig Den er tenkt brukt i PP-tenesta og av logopedar/audiopedagogar eller andre med kompetanse om språkvanskar Det tek 5-15 minutt å administrere testen BPVS (framhald)
27
Framgangsmåte: Kvar side (enkeltoppgåve) har 4 bilde. Testleiar les eit ord, og barnet skal velje (t.d. peike på) det bildet han/ho meinar passar til stimulusordet Ein startar med det oppgåvesettet som tilsvarar barnet sin alder (evt. forventa nivå) Nedre grense: Dersom barnet har meir enn 1 feil i første oppgåvesett. Må ein administrere tidlegare oppgåver Øvre grense: Dersom barnet har 8 eller fleire feil i eit oppgåvesett, vert testinga avslutta Testen går frå høg- og lavfrekvente ord, og frå konkrete til abstrakte ord og omgrep BPVS (framhald)
28
Ein reknar først ut barnets råskåre ved å trekke antal feil frå siste administrerte oppgåvenummer Institutt for spes.ped v/UiO har utarbeidd tabellar for vurdering av resultat etter norsk normering Gjennomsnitt og standardavvik vert vurdert med utgangspunkt i alder Standardskåre og skalaskåre er det same Det er mest relevant å rapportere om standardavvik BPVS - Skåring
29
Ola er 11 år Gjennomsnittskåre 11 år: 116,55 SD på 11 år: 8,46 Ola sitt resultat (Råskåre): 101 Differanse: 116,55 -101 =15,55 Resultat: 15,55:8,46 =1,8 Ola skårer -1,8 SD under gjennomsnittet BPVS – Skåring (Eksempel)
30
68 % av testresultata vil ligge mellom 1 SD under og 1 SD over gjennomsnittet Det er sjeldan grunn til bekymring innanfor dette området Det kan vere stor spreiing i ordforråd innanfor kvar aldersgruppe Mellom dei yngste kan born med det største ordforrådet forstå nærare 4 gongar så mange ord som born med det minste ordforrådet BPVS – Resultat
31
Born med redusert ordforråd ved 3 års alder vil kunne markere ein framtidig skilnad til jamnaldrande Vokabular målt med BPVS representerer kunnskap om den breidda av ord som barnet forstår Andre testar viser kva for nokre ord barnet brukar aktivt eller kva for djupne det er i forståinga av ord (Horn, Lyster & Rygvold i Spesialpedagogikk 9/10) BPVS – Resultat (framhald)
32
EIT INSTRUMENT FOR VURDERING AV RESEPTIV GRAMMATISK FORSTÅING HOS BARN OG UNGDOM TROG-2
Similar presentations
© 2025 SlidePlayer.com. Inc.
All rights reserved.